Kategorier
Livet

Motstandsløyse! (Ha, ha, mykje motstand i eit utropstekn…)

Har me det for godt? Eg undrast. Er eg blant dei? Er me bortskjemde? For mykje tv. For lite praktisk kvardagsarbeid? For lite motstand? Klarar me å lære våre born at det finnes ei verd som ikkje er som google. Altså ei verd der ein er nøydd til å gjere noko for å få den informasjonen ein treng. Ikkje berre google i veg. På sølvfat ligg mykje informasjon. Utvald informasjon. Nokon sit, eg sit, mange sit og påverker korleis søkemotorane skal svara når ein freistar å finna det ein jaktar på. Musikant.no. Eg kapra ei god nettside. Nøgd med å finne mitt domene. Kanskje det tyder at fleir finn meg, for det handlar det om. Å bli sett. Alle skal sjå meg. Eller i alle fall nokon. I beste fall. Det er lenge sidan sist eg skreiv her på bloggen. Kvifor det? Har eg ikkje klart å skvise inn dette også i min kvardag? Eg sit på bussen no. Minusgrader i dag. Brukar bloggen som sjølvterapi. For å skrive dagbok høgt. Drodle om luksusproblem. Valfridom er påtrengjande. Eg har det godt når eg brukar tid og krefter på å skrive her. Gjere korte dypdykk i eigen refleksjon. Nei, attende til det praktiske; Eg har arbeidd med cd-innspeling i helga. Vart fysisk og psykisk sliten. På veg heim etter to dagar med 17 timer arbeid (jadda, inkludert pauser, men dirigenten arbeider ofte også i pausene…). På veg heim sat eg i bilen, utkjørt, men full av energi og klarar ikkje verken å høyre på musikk eller radio eller noko. Fullt i toppen. Eg kjende at noko var gale. Nei, var det det? Må ein fylle på med noko heile tida? Stille. Nei. Torsdag morgon førre veke på veg til arbeid gjekk eg nesten rett på ei dame, som nett som meg såg rett ned i sin mobil, men det var ein strålande morgon. Ja, er min konklusjon. Me har det godt. Kanskje for godt med alt som er tilgjengeleg. Me har for mykje valfridom og for mykje google. Til kamp mot maskinene!  Til kamp mot dei kjappe løysningane. Mot motstandslaus tv-titting. – men orkar eg ta kampen? Neppe. Vert nok tv i kveld óg…

 

Ett svar til “Motstandsløyse! (Ha, ha, mykje motstand i eit utropstekn…)”

Godt å sjå at du utset deg sjølv for den motstanda som ligg i det vakre nynorske skriftspråket! Slett ikkje halvdårleg frå ein oslogut.

Legg igjen en kommentar til Tarjei Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *