Kategorier
Aktuelle temaer Livet

Er grøn politikk vanskeleg å skjøna?

Kva er grøn politikk?

Heilt sidan eg melde meg inn i eit politisk parti for eitt år sida, kalla dei grøne, har eg undra meg over ein ting. – og det er den underlege kjensla at eg nettopp ikkje har vorte medlem av eit politisk parti, men noko anna. Kvifor har eg ei slik kjensle og kva skuldast det?

Alt ein oppfattar av nye impulsar, all læring og ny kunnskap må ha ei forankring i noko kjend. Dette for å kunne forstå kva det er. Setje det i ein samanheng. Om utenomjordisk liv høyrde eg ein gong at om det finnes noko der ute som er basert på andre premiss en dei me kjenner her på jorda, kan det andre livet vere særs vanskeleg å få auge på.

Tunga på vektskåla som gjorde at eg melde meg inn i Miljøpartiet dei grøne, var då det gjekk opp for meg at partiet nekta å bli kalla raudt eller blått. Journalistane spør og spør: Kva side høyrer de til på? Vil de støtte høgre- eller venstresida eller kanskje de står i sentrum?

Me er grøne. Det er svaret. Det handlar ikkje om dei allereie fastspikra plassane i det politiske landskapet. Det handlar om ei anna retning. Det handlar om at me ikkje godtek premissa som er satt av samfunnet.

Det handler om noko som ikkje er mindre ambisiøst enn livet på den planeten me er så heldige å få bu på. Det handlar om at ein må ha tanken om det store biletet heilt framme i panna; Kva godt gjer dette for livet vårt her på planeten vår? Det gjeld til dømes korleis ein gjer innkjøp, korleis ein byggjer ut, leggjer ned, korleis ein fordeler dei økonomiske godene me har i vårt rike, rike land.

Mange bekker små, heiter det i ordtaket. Jau, eg trur på små bekker, men eg trur og meiner også at samfunnet, anten det er kommune eller stat, må leggje til rette for at me som kvardagsmenneske gjer grøne val.

Det må ligge som eit hovudpremiss for alle vedtak som fattast i eit kommunestyre eller eit storting. Den grøne tanken er ikkje mindre enn det… Altomfattande…. – og da, om politikarar og medmenneske tek den grøne politikken inn i sine vedtak, om omsynet til korleis det ein gjer vil verke på planeten vår. Da kan me grøne trekkje oss ut att. Den dagen eit berekraftig liv er det allmenne målet for korleis me lever våre liv.

Økonomi vert oftast brukt som motargument. Økonomisk vekst og økonomisk vinst. Om du hadde to syklar i garasjen og du hadde valet mellom å gje den utan bremser og ratt til barnebarnet ditt eller den velfungerande barnesykkelen hvor alt var i sin skjønneste orden. Kva for ein vil du gje vidare?

Me kan ikkje gje vidare ei jord som ikkje fungerer. – og me er heilt vanvittig heldige. Me har valet. Me kan velje å gi vidare ei jord hvor bremser og styre fungerer. Politisk parti? Jau, det er et politisk parti eg har meldt meg inn i, men målet og ideen er mykje, mykje større…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *