Kategorier
Aktuelle temaer Grønt liv Livet

Uendeleg trist

Eg er så uendeleg trist.

Inni meg er det eit sår som ikkje gror.

Eg undrast om det er mogleg å fiksa det?

Det var den historia om kvalen.

Historia om oss menneske.

Om oss menneske som lever på denne kloden som om heile kloden var….berre vår.

Berre min, berre mitt.

Eg likar ikkje formaningar.

Eg likar ikkje folk som meiner at dei på generelt grunnlag veit betre enn andre.

Eg slit med å finna ut kva eg skal gjere.

No har eg ei lita rolle i eit politisk parti.

Eit parti der ein tenkjer på jorda vår.

På dei som kjem etter oss.

I går gjekk eg inn og delte eit trist bilete.

Bilete av den typen ingen vil sjå.

Ein kval med meir enn 30 posar i magen.

Ein stranda kval.

Ein open kval.

Gode menneske freista å hjelpa kvalen ut att i havet.

Ein gong.

To gongar.

Kvalen stranda.

Kvalen stranda.

Kva var gale med kvalen?

Kvifor ville han ikkje ut att i havet?

So vart han avliva.

Inni kvalen ligg spor av menneske.

Spor av menneske.

Kva spor skal vera etter deg?

Eg leitar etter skjønnhet.

Eg leitar etter trøyst.

So kjem eg i hug tre enkle minutt.

So koblar eg desse med ein kval.

No vert desse tre minutta satt saman til eit bilete eg ikkje klarar sleppe.

Eg er så uendeleg trist.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *