Kategorier
Livet

Å finne sjela si…

Me må ikkje miste sjela vår. Eg tenkjer ofte på indianaren som sit og ventar på at sjela også skal kome fram etter ei flyreise. I går hørte eg at nordmenn er blant verdas mest flygande folkeferd. Kva gjer det med oss som menneske å omgås so mange andre menneske? Å skifte klima og miljø fortare enn du rekk å seie universitetsbibliotekar – og ein annan dag var det snakk om mørkret (på radio). Mørkret som er i ferd med å bli borte fordi me stadig bygg ut, og bygg ut. Fleir og fleir kan ikkje lenger sjå Mjølkevegen frå sin eigen bustad. Gjennom årtusen har ein filosofert over eigen eksistens og begrensning mellom anna med utgongspunkt i det fantastiske synet ein klar stjernehimmel er. Me er små, universet er stort. Kvar vert det av perspektivet når alt me ser er vår eigen konstruerte kvardag?

Eg jaktar heile tida på smutthull, og no som våren kom, og sumaren er her, går eg ut i hagen. So langt ikkje all verda hageoppleving, men ein stad må ein bygut frå skauen starta. – og so, i timen frå klokka 09:00 i dag hadde eg ein avtale – og det viste seg at avtalen fant stad i ein nydeleg hage – ein av dei vakraste stadene eg nokonsinne har vore – beste tomta på Hauge (sitat frå eigaren). Jau, vakraste tomt og vakraste hage.

Min plan var etterpå å reise heim og arbeide med Osterøykoret si 100-årsmarkering i 2014 – men nei, eg klarte ikkje gå inn. Ein time i hagen fyrst. For å finne att sjela. Veit ikkje kvar eg gløymde ho. Men eg fann glimt av himmerike i ein gamal hage med godt selskap på Hauges beste tomt…

Ett svar til “Å finne sjela si…”

So e da… – lesa litt Hauge (Olav H.) også – der ute i hagen – han favna mykje av det heile 🙂 God sommar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *